Jacob Marcus Schawland Gram (6. oktober 1783–19. januar 1843) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann frå Trondheim.
Gram var son til ein kjøpmann i Trondheim, og var sjølv kjøpmann i heimbyen. Han representerte valkrinsen Trondheim på Stortinget både i 1833 og 1836, på Omframtstortinget 1836-37 og på Stortinget 1839. I 1830 var han sekretær i Protokollkomiteen og medlem i komiteen om kjøpstadskatten, og i 1836 og 1836-37 medlem i Protokollkomiteen. I 1839 var han formann i Desisjonskomiteen og medlem i Komiteen om brannvesenet i byane. Også til 1842-stortinget vart Gram vald, men sa frå seg valet.
Kjelder