«Jackie Blue» er ein song av The Ozark Mountain Daredevils for det andre albumet deira, It'll Shine When It Shines frå 1974. Han kom ut på singel i februar 1975 som ein oppfølgjar til den mislykka førstesingelen frå albumet, «Look Away». «Jackie Blue» vart den andre og siste hitten deira etter debutsingelen «If You Wanna Get to Heaven» som nådde 25. plassen på Billboard Hot 100 i 1973. «Jackie Blue» klatra heilt til tredjeplassen, og låg ei veke på toppen av Cashbox-lista i mai 1975. Songen nådde òg andreplassen i canada, niandeplassen i New Zealand, tiandeplassen i Sør-Afrika og 27. plassen i Australia.[1]
Songen vart henta inn til innspelinga av det andre albumet deira av trommeslagaren Larry Lee. Han skreiv songen om ein ven av seg som selde dop. Produsenten Glyn Johns likte songen, men fekk overtydd Lee om å skrive om teksten til å handle om ei frisinna, einsleg kvinne i staden.[2]
Songen vart spelt inn av The Smashing Pumpkins i 1991 under innspelinga av Gish, og sidan gjeven ut på samleplata 20 Explosive Dynamic Super Smash Hit Explosions!. Denne kom òg seinare ut som bonusspor på Pisces Iscariot i 2012.[10]
Ray Conniff spelte inn songen i 1975 for albumet Another Somebody Did Somebody Wrong Song.
AM & Shawn Lee spelte inn ein versjon av «Jackie Blue» i 2011 på albumet Celestial Electric.[11]