Isla de Alborán er ei lita øy i Alboránhavet, heilt vest i Middelhavet, om lag 50 km nord for kysten av Marokko og 90 km sør for provinsen Almería i Spania. Øya har høyrt til Spania sidan 1540 og vart erobra frå den tunisiske sjørøvaren Al Borani i slaget ved Alborán. I dag høyrer ein garnison frå den spanske marinen til her og eit automatisert fyr.
Marokko har gjort krav på dei spanske plazas de soberanía-enklavane og øyane ved kysten av Marokko, men har aldri gjort formelt krav på Alborán.
I dag er øya administrativt ein del av Almería og distriktet Almería Pescadería.
Bakgrunnsstoff
Sjå òg