Iseosjøen (italiensk Lago d'Iseo eller Sebino) er den fjerde største innsjøen i Lombardia i Italia.
Han ligg nord i landet i Val Camonica-området, nær byane Brescia og Bergamo. Innsjøen er nesten likt delt mellom provinsane Bergamo og Brescia. Trass i at denne delen av landet er svært industrialisert er området rundt innsjøen svært vakkert. Vegen nordover til Sveits brukte å gå langs innsjøen og mange bilar har køyrt utfor og hamna i vatnet. Ein tryggare veg er no sprengt ut i fjellsida.
Midt i innsjøen ligg Monte Isola (eller Montisola), den største øya i alle innsjøar i Sør-Europa.
Busetnadar
Det ligg fleire landsbyar rundt innsjøen
I Brescia:
- Iseo - som har gjeve namn til innsjøen. Med breie plassar og ein promenade ved innsjøen.
- Marone
- Sale Marasino
I Bergamo:
- Sarnico - opphavleg ein førhistorisk pålelandsby.
- Riva di Solto - ein vakker liten fiskelandsby.
- Lovere - ein gong ein festningsby.
På Montisola:
- Peschiera Maraglio - ein vakker fiskelandsby
- Siviano, Sensole og Carzano - fleire fiskelandsbyar
- Cure - på det høgaste punktet på øya ligg det ein heilagdom.
Dei to mindre øyane Loreto og St. Paul ligg òg i innsjøen.
Bakgrunnsstoff
Kjelde