Irsk musikk er musikk innan fleire ulike sjangrar som er blitt til på øya Irland.
Tradisjonsmusikken frå øya er kjend som irsk folkemusikk, og er både ei levande musikkform i heimlandet og populær utanfor, med påverknad på musikkstilar i Stobritannia og USA, som country og roots music, som vidare har hatt ein del påverknad på moderne rock. Ein har også blanda musikkstilen med andre sjangrar, som rock og roll og pønkrock, tidvis med stor suksess blant publikum både heime og utanlands.
I mindre skala har Irland også fått fram fleire kjende jazzmusikarar, særleg etter 1950-talet.
Tidleg irsk musikk
Irske annalar frå høg- og seinmellomalderen lista opp kjende musikarar, til dømes:
921: Cú Congalta, prest ved Lann-Leire, tethra (dvs. songar eller talar) for stemme, personleg form og kunne, døydde.
1011: Connmhach Ua Tomhrair, prest og hovudsongar for Cluain-mic-Nois, døydde.
1329: Maol Ruanaidh Cam Ó Cearbhaill, tiompanspelar, drepen under Braganstown-massakren i County Louth.
1360: Gilla na Naem Ó Conmaigh, musikk-ollamh ved Thomond ... døydde.
1361. Magraith Ó Fionnachta, musikalsk leiar og tiompanspelar for Síol Muireadaigh, døydde.
Moderne tolkingar
Tidleg irsk poesi og song er blitt omsett til moderne irsk og engelsk av kjende irske diktarar, songsamlarar og musikarar.[1] Salmen «Rop tú mo baile» av Dallán Forgaill frå 500-talet blei til dømes gjeven ut på engelsk i 1905 i ei omsetjing av Mary Elizabeth Byrne som er blitt kjend som «Be Thou My Vision» («Deg å få skode»). «The Blackbird of Belfast Lough» (gammalirsk «Int én bec» irskAn t-éan beag) er mellom anna blitt omsett av diktarar som Seamus Heaney, Ciaran Carson og Frank O'Connor. Nokre kjende innspelingar av moderne tolkingar av tidleg irsk musikk er mellom anna Pádraigín Ní Uallacháin sin Songs of the Scribe, fleire album av korgruppa Anúna og innspelingar av Caitríona O'Leary med Dúlra og eX Ensemble.[2]
Tidleg nytid
Fram til det 1600-talet blei harpemusikarar verna av aristokratiet i Irland. Denne tradisjonen døydde ut på 1700-talet då gælisk Irland braut saman. Turlough Carolan (1670–1738) er den best kjende av desse harpespelarane,[3][4] og ein kjenner til over 200 av verka hans. Nokre av stykka hans bruker element frå samtidig barokkmusikk, men musikken hans er gått inn i tradisjonen og spilles av mange folkemusikere i dag. Edward Bunting samla inn nokre av dei sist kjende irske harpetonane påBelfast Harp Festival i 1792. Andre viktige innsamlarar av irsk musikk er Francis O'Neill[5] og George Petrie.
Irsk tradisjonsmusikk omfattar mange typar spngar, som drikkeviser, balladar og klagesongar. Desse kan framførast utan akkompagnement eller i lag med ulike instrument. Tradisjonell dansemusikk omfattar reel (4/4), hornpipe og jig (typisk 6/8).[6]Polka kom til landet på byrjinga av 1800-talet, og blei spreidd av omreisande danselærarar og leigesoldatar som vende tilbake frå Kontinentet.[7] Set dancing, basert på kvadrilje, kan ha kome inn på 1700-talet.[8] Seinare blei det innført danseformer som masurka og highlands (ein slags irsk versjon av skotsk strathspey).[9]
Irsk fele er blitt hevda av ein nasjonalistisk forskar å ha vore spelt på Irland sidan 700-talet, men det finst ikkje tekstar eller gjenstandar som viser dette.[10]Sekkepipe har ei lang historie knytt til landet, med bruk av Great Irish warpipes kjende frå slag så langt tilbake som 1400-talet.[11]
Trekkspel og concertina blei utbreidde på 1800-talet.[12]Irsk steppdans blei dansa ved céilí-tilstellingar, organiserte tevlingar og ved nokre herskapshus der lokale og omreisande musikarar var velkomne.[13] Tradisjonell irsk dans fekk etterkvart støtte frå utdanningssystemet og patriotiske organisasjonar. Ein tradisjonell irskspråkleg songstil blei kjend som sean-nós ('på gammalt vis').[14]
Frå 1820 til 1920 utvandra over 4400000 irar til USA. Dette førte til ein irsk diaspora som særleg var tydeleg i Philadelphia, Chicago (sjå Francis O'Neill), Boston, New York og andre byar.[15] O'Neill utførte dei fyrste innspelingane av irsk musikk på vokssylindrar frå Edison Records.[16] Seinare stod irske musikarar som hadde suksess i USA for kommersielle innspelingar som blei spreidde over heile verda, og gjenoppliva musikkstilar i heimlandet.[17] Felespelarar som Michael Coleman, James Morrison og Paddy Killoran, som var baserte i USA, gjorde mykje for å popularisera irsk musikk på 1920- og 1930-talet, medan Ed Reavy skreiv over hundre tonar som sidan har gått inn i musikktradisjonen både på Irland og i diasporaen.
Bortsett frå harpekomponistane på 1500-talet kom komponistar på 1500- og 1600-talet vanlegvis frå ein protestantisk anglo-irsk bakgrunn, sidan katolikkar var utestengde frå formell utdanning, inkludert innan musikk. Komponistar var ofte knytte til anten Dublin Castle eller ei av domkyrkjene i Dublin (St Patrick's og Christ Church). Nokre av desse var innvandrarar på 1700-talet, som Johann Sigismund Cousser, Matthew Dubourg og Tommaso Giordani. Thomas Roseingrave og broren hans Ralph var leiande irske barokkomponistar. I den neste generasjonen av komponistar var Cork-fødde Philip Cogan (1750–1833), som blei kjend for pianomusikk, mellom anna pianokonsertar, John Andrew Stevenson (1761–1833), som er best kjend for utgjevinga si av Irish Melodies med diktaren Thomas Moore, og også skreiv opera, religiøs musikk, catches, glees, ode og songar. Tidleg på 1800-talet dominerte irskfødde komponistar engelskspråkleg opera i England og Irland, med namn som Charles Thomas Carter (ca. 1735–1804), Michael Kelly (1762–1826), Thomas Simpson Cooke (1782–1848), William Henry Kearns (1794–1846), Joseph Augustine Wade (1801–1845) og, seinare i hundreåret, Michael W. Balfe (1808–1870) og William Vincent Wallace (1812–1865). John Field (1782–1837) er blitt tilskriven skapinga av nocturneforma, som påverka Frédéric Chopin. John William Glover (1815–1899), Joseph Robinson (1815–1898) og Robert Prescott Stewart (1825–1894) heldt klassisk musikk i live i Dublin på 1880-talet, medan emigrantar på midten av hundreåret mellom anna var George William Torrance og George Alexander Osborne. Charles Villiers Stanford (1852–1924) og Hamilton Harty (1879–1941) var nokre av dei siste emigrantane innan irsk musikk, med ein kombinasjon av seinromantisk musikalsk språk og irsk folklorisme. På same tid var den italienske immigranten Michele Esposito (1855–1929) aktiv på Irland. Han blei ein viktig figur innan irsk musikk etter å ha kome til Irland i 1882. Åra etter irsk sjølvstende var ein vanskeleg periode der komponistar prøvde å finna ei identifiserbar irsk stemme i eit anti-britisk klima, som også inkluderte motstand mot klassisk musikktradisjon. Utviklinga av irsk kringkasting på 1920-talet og ei gradvis utviding av Radio Éireann Orchestra seint på 1930-talet betra tilhøvet til musikken. Viktige komponistar i desse åra var John F. Larchet (1884–1967), Ina Boyle (1889–1967), Arthur Duff (1899–1956), Aloys Fleischmann (1910–1992), Frederick May (1911–1985), Joan Trimble (1915–2000) og Brian Boydell (1917–2000). Midten av 1900-talet blei også forma av A.J. Potter (1918–1980), Gerard Victory (1921–1995), James Wilson (1922–2005), Seán Ó Riada (1931–1971), John Kinsella (1932–2021) og Seóirse Bodley (f. 1933). Viktige namn blant den eldre generasjonen av komponistar i Irland i dag er Frank Corcoran (f. 1944), Eric Sweeney (f. 1948), John Buckley (f. 1951), Gerald Barry (f. 1952), Raymond Deane (f. 1953), Patrick Cassidy (f. 1956), og Fergus Johnston (f. 1959).
Kjende musikarar innan den klassiske tradisjonen er mellom anna Catherine Hayes (1818–1861), den fyrste store internasjonale prima donnaen frå Irland og den fyrste irske kvinna til å opptre på La Scala i Milano; tenoren Barton McGuckin (1852–1913), ein songar det var mykje etterspurnad etter seint på 1800-talet; tenoren Joseph O'Mara (1864–1927), ein svært kjend songar rundt hundreårsskiftet; John McCormack (1884–1945), som var den best kjende tenoren i si samtid; operasongaren Margaret Burke-Sheridan (1889–1958); pianisten Charles Lynch (1906–1984); tenoren Josef Locke (1917–1999), som hadde global suksess, og blei avbilda i filmen Hear My Song frå 1991; fløytisent sir James Galway og pianisten Barry Douglas.[19] Douglas blei kjend i 1986 då han vann gullmedaljen i den internasjonale Tsjaikovskijkonkurransen. Mezzosopranane Bernadette Greevy og Ann Murray har også hatt internasjonal suksess.[20]
Den keltiske renessansen etter 1900 gav verk som Muirgheis (1903) av Thomas O'Brien Butler, Connla of the Golden Hair (1903) av William Harvey Pélissier, Eithne (1909) av Robert O'Dwyer og The Tinker and the Fairy (1910) av Michele Esposito. Muirgheis og Eithne har irske librettoar, det same har fleire verk av Geoffrey Molyneux Palmer og verk frå 1940- og 1950-talet av Éamonn Ó Gallchobhair. Dei fleste irske operaer skrivne sidan 1960-talet har ei moderne, internasjonalt innstilling, med viktige verk av Gerard Victory, James Wilson, Raymond Deane, Gerald Barry og fleire yngre komponistar.
Wexford Festival Opera er ein stor internasjonal festival som blir halden årleg i oktober og november.
Populærmusikk
Utøvarar av populærmusikk byrja bli kjende så tidleg som på slutten av 1940-talet. Delia Murphy gjorde irske folkesongar populære med ei innspeling for HMV i 1949; Margaret Barry er også gjeven ære for å gjera folkesongar kjende. Bridie Gallagher frå Donegal blei kjend i 1956, og er rekna som 'Ireland's first international pop star'.[22] Songaren Ruby Murray frå Belfast fekk hitlistesuksess i Storbritannia på midten av 1950-talet; Carmel Quinn frå Dublin emigrerte til USA og blei ein fast songar på Arthur Godfrey's Talent Scouts; ho var ofte også på andre TV-program på 1950- og 60-talet. The Bachelors var ei mannleg harmonigruppe frå Dublin som hadde hittar i Storbritannia, kontinentale Europa, USA, Australia og Russland; Mary O'Hara var ein sopran og harpist som hadde suksess på begge sider av Atlanterhavet på 1950- og byrjinga av 1960-talet; crooneren Val Doonican frå Waterford hadde fleire hittar i Storbritannia og presenterte sitt eige TV-program på BBC frå 1965 til 1986.
Showband
Showband var ei stor kraft i irsk populærmusikk, særleg på landsbygda, i tjue år frå midten av 1950-talet. Showband spelte i dansesalar og var laust basert på det Dixieland-danseband, med seks-sju medlemmar. Det grunnleggjande showbandrepertoaret inkluderte standard dansenummer, coverversjonar av pophittar med eit spenn frå rock and roll, country and western til jazz-standardar. Nøkkelen til suksess for showband var evna til å læra og framføra songar på platelistene. Av og til kunne dei spela irsk tradisjonsmusikk eller céilidh-musikk og nokre få sjølvskrivne songar.[23]
Country and Irish
Med auka popularitet for amerikansk countrymusikk utvikla det seg ein ny undersjanger på Irland kjend som 'Country and Irish'. Han blei danna ved å blanda amerikansk countrymusikk med påverknadar frå irsk musikk, og å inkorporere irsk folkemusikk. Dette resulterte ofte i at tradisjonelle irske songar blei framførte i ein countrymusikkstil. Stilen er særskild populær på landsbygda i Midlands og nordvest i landet. Han er framleis populært blant irske emigrantar i Storbritannia. Big Tom and The Mainliners var den fyrste større gruppa innan denne sjangeren, etter å ha kryssa over frå showband-tida på 1960-talet. Andre større artistar var Philomena Begley og Margo, sistnemnde gjeven den uofisielle tittelen Queen of Country & Irish.[24][25] I seinare tid har Daniel O'Donnell hatt mest suksess innan sjangeren i Storbritannia, USA og Australia.[26]Mary Duff, som ofte har sunge i lage med O'Donnell, har også hatt suksess innan sjangeren. Endå seinare har Derek Ryan frå County Carlow har oppnådd hittar på dei irske topplistene med denne typen musikk.
Fusion
Tradisjonmusikk har spelt ei rolle innan irsk populærmusikk frå slutten av 1900-talet, med bruk av tradisjonelle element frå artistar som Clannad, Van Morrison, Hothouse Flowers og Sinéad O'Connor. Enya fekk internasjonal suksess med new age- og keltisk fusion. Afro-Celt Sound System blei kjend for å bruka vestafrikansk påverknad og elektroniske danserytmar i tillegg til keltisk tradisjon på 1990-talet, medan grupper som Kíla blandar irsk tradisjonsmusikk med rock og verdsmusikk. Horslips blei internasjonalt kjent for å blanda irske tema med heavyrock.
I 1970 sette Dana Irland på popkartet ved å vinna Eurovision Song Contest med songen «All Kinds of Everything». Ho oppnådde ein listetopp i Storbritannia og fleire andre stader i Europa, og bana veg for fleire irske artistar. Gilbert O'Sullivan hadde også fleire listetoppar på begge sider av Atlanteren i 1972 med fleira hittar, medan The Nolans fekk internasjonal listesuksess seint på 1970-talet. Chris de Burgh fekk internasjonal ros i 1986 med hitten «Lady in Red».
Boydell, Barra: A History of Music at Christ Church Cathedral, Dublin (Woodbridge: Boydell & Brewer, 2004).
Boydell, Brian: A Dublin Musical Calendar, 1700–1760 (Dublin: Irish Academic Press, 1988).
Boydell, Brian: Rotunda Music in Eighteenth-Century Dublin (Dublin: Irish Academic Press, 1992).
Breathnach, Breandán: Folk Music and Dances of Ireland (Cork: Mercier Press, 1971).
Breathnach, Breandán: Ceól Rince na hÉireann (Dublin: Oifig an tSoláthair, 1963 (vol. 1), 1976 (vol. 2), vol. 3 (1985)).
Clayton-Lea, Tony & Taylor, Rogan: Irish Rock. Where it’s Come From, Where it’s At, Where it’s Going (Dublin: Gill & Macmillan, 1992).
Daly, Kieran Anthony: Catholic Church Music in Ireland, 1878–1903. The Cecilian Reform Movement (Dublin: Four Courts Press, 1995).
Dervan, Michael (ed.): The Invisible Art. A Century of Music in Ireland, 1916–2016 (Dublin: New Island, 2016).
Dwyer, Benjamin: Different Voices. Irish Music and Music in Ireland (Hofheim: Wolke, 2014).
Fitzgerald, Mark & O’Flynn, John (ed.): Music and Identity in Ireland and Beyond (Aldershot: Ashgate, 2014).
Fleischmann, Aloys (ed.): Music in Ireland. A Symposium (Cork: Cork University Press, 1952).
Grindle, William Henry: Irish Cathedral Music. A History of Music at the Cathedrals of the Church of Ireland (Belfast: Institute of Irish Studies, Queen's University of Belfast, 1989).
Hast, Dorothea & Scott, Stanley: Music in Ireland. Experiencing Music, Expressing Culture (New York: Oxford University Press, 2004).
Hogan, Ita M.: Anglo-Irish Music, 1780–1830 (Cork: Cork University Press, 1966).
Klein, Axel: Die Musik Irlands im 20. Jahrhundert (Hildesheim: Georg Olms, 1996).
Klein, Axel: Irish Classical Recordings. A Discography of Irish Art Music (Westport, Conn.: Greenwood Press, 2001).
Mangaoang, Áine; O'Flynn, John & Ó Briain, Lonán (ed.): Made in Ireland: Studies in Popular Music. (Routledge, 2020). ISBN978-1-138-93652-2
McAvoy, Mark: Cork Rock: From Rory Gallagher to the Sultans of Ping (Cork: Mercier Press, 2009).
McCarthy, Marie: Passing it on. The Transmission of Music in Irish Culture (Cork: Cork University Press, 1999).
Ó Canainn, Tomás: Traditional Music in Ireland (London: Routledge & Kegan Paul, 1978; new ed. Cork: Ossian Publications, 1993).
O'Connor, Nuala: Bringing it all back home. The Influence of Irish Music (London: BBC Books, 1991; rev. ed. Dublin: Merlin Publications, 2001).
Ó Dochartaigh, Seóirse: Sunlight & Shadow. A Listener's Guide to Irish Classical Music (Leckemy, Co. Donegal: Seóirse Ó Dochartaigh, 2016).
O'Dwyer, Simon: Prehistoric Music of Ireland (Stroud, Gloucestershire: Tempus Publishing, 2004).
Pine, Richard: Music and Broadcasting in Ireland (Dublin: Four Courts Press, 2005).
Pine, Richard & Acton, Charles (eds.): To Talent Alone. The Royal Irish Academy of Music, 1848–1998 (Dublin: Gill & Macmillan, 1998).
Porter, James: The Traditional Music of Britain and Ireland: A Select Bibliography and Research Guide (New York: Garland Publishing, 1989).
Power, Vincent: Send 'Em Home Sweatin'. The Showband Story (Cork: Mercier Press, 1990; rev. ed. 2000).
Smith, Thérèse: Ancestral Imprints. Histories of Irish Traditional Music and Dance (Cork: Cork University Press, 2012).
Smyth, Gerry: Noisy Island. A Short History of Irish Popular Music (Cork: Cork University Press, 2005).
Smyth, Gerry & Campbell, Seán: Beautiful Day. Forty Years of Irish Rock (Cork: Atrium Press, 2005).
Vallely, Fintan: The Companion to Irish Traditional Music (Cork: Cork University Press 1999), ISBN1-85918-148-1.
Wallis, Geoff & Wilson, Sue: The Rough Guide to Irish Muaboutsic (London: Rough Guides Ltd., 2001), ISBN1-85828-642-5.
Walsh, Basil: Michael W. Balfe. A Unique Victorian Composer (Dublin: Irish Academic Press, 2008), ISBN978-0-7165-2947-7.
Walsh, Basil: Catherine Hayes, The Hibernian Prima Donna(Dublin: Irish Academic Press, 2000), ISBN0-7165-2662-X.
Walsh, T.J.: Opera in Dublin, 1705–1797. The Social Scene (Dublin: Allen Figgis, 1973).
Walsh, T.J.: Opera in Dublin, 1798–1820. Frederick Jones and the Crow Street Theatre (Oxford: Oxford University Press, 1993).
White, Harry: The Keeper’s Recital. Music and Cultural History in Ireland, 1770–1970 (Cork: Cork University Press, 1998).
White, Harry & Boydell, Barra: The Encyclopaedia of Music in Ireland (Dublin: UCD Press, 2013).
Zimmermann, Georges-Denis: Songs of Irish Rebellion. Political Street Ballads and Rebel Songs, 1780–1900 (Dublin: Allen Figgis, 1967; 2nd ed. Dublin: Four Courts Press, 2002).