Ingá-Máret Gaup-Juuso (fødd 1987) er ein finsk-norsk samisk songar, joikar og reindriftar frå Kaaresuvanto i Enontekis i Nord-Finland.[1][2][3] Ho er vokalist og joikar i elektronika-bandet Tundra Electro.[3]
Gaup-Juuso er fødd i Kaaresuvanto, og har finsk far og norsk mor frå Kautokeino-området.[1]
Ho er utdanna innan samisk språk og litteratur.[3]
I 2016 var ho med på å skipa bandet Tundra Electro, saman med den norske musikaren og komponisten Patrick Shaw Iversen.[4]
Dette året vart ho tildelt den finske Larin Paraske-prisen.[5]
I 2019 vart ho tilsett som fylkesjoikar av Troms fylkeskommune.[6]
I 2022 vann ho songkategorien i Sámi Grand Prix med songen «Dovdameahttumii», som ho sjølv hadde skrive i samarbeid med Ylva Persson, Linda Persson og Paul Dubrovsky.[2][7] Seinare same år kom ho på sjetteplass i Liet International i Tønder i Danmark, der ho framførte ein noko endra versjon av «Dovdameahttumii»[8][9]
Gaup-Juuso deltok også i Sámi Grand Prix i 2015, då ho kom på andreplass i klassen tradisjonell joik, med ein joik om systera si.[10]
Kjelder