Ingvald Johan Ulveseth (fødd 25. august 1924 i Fjell, død 14. mars 2008) var ein norsk ingeniør og politikar for Arbeidarpartiet.
Ingvald Ulveseth var ordførar i Fjell kommune 1958–1964, og statssekretær i Kommunaldepartementet i Einar Gerhardsen si fjerde regjering (1964–1965). Ulveseth vart vald inn på Stortinget frå Hordaland 1965–1973. Han var industriminister i Trygve Brattelis andre regjering (1973–1976). I 1976 vart han fylkesmann i Sogn og Fjordane, ei stilling han hadde fram til 1994.
Ingvald Ulveseth var utdanna bygningsingeniør frå NTH frå 1949, og var blant anna kommuneingeniør i Fjell 1952–1961.
Ulveseth vart utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden i 1992.
Stortingskomitear
Kjelder
Bakgrunnsstoff