Indra (sanskrit इन्द्र) er ein vediskgud som tidlegare var svært viktig innan hinduismen. Han er kongen av devaene og Himmelen, med krig og vêr, særleg regn og torevêr, som sine viktigaste område. I dag er ikkje guden tilbeden, men han er framtredande i mange hindumyter, og 250 hymne i Rigvedaen — ein fjerdedel — er tileigna han.
Indra svarar til Tor i norrøn gudetru og til Zevs og Jupiter i gresk og romersk mytologi. Medan han i dag er erstatta av gudar som Sjiva og Visjnu, tok han sjølv plassen til dei eldre gudane Varuna og Dyaus.
Indra skal vera stor og kraftig med lange armar og raudleg hår og skjegg — men mange statuar av han er skjegglause. Han rir elefantenAiravata og held våpenet vadjra, ein torekile.
Guden held til på toppen av fjellet Meru, i Svarga, som er å likna med Valhall eller Himmelen. Han drikk gjerne den heilage drikken soma, som hjelper han til å utføra heltedådar.
Soger
Det største verket til Indra var å drepa den demonske draken Vritra, som hadde teke til seg alle dei viktige levemidla i verda, som lys, vatn og kyr.
Guden opptrer òg i audmjukande forteljingar. I Ramayana blir det fortald at han, ved å forkle seg som mannen hennar, hadde samleie med den vakre Ahalya. Ektemannen Gautama kom tilbake og oppdaga Indra, fortsatt forkledd, på veg ut. Ettersom Gautama var ein mektig rishi hadde han makt til å forbanna Indra og gjorde det — ved å gje han tusen kvinnelege kjønnsorgan over heile kroppen. Desse blei seinare forandra til auge.