Ian Rankin (fødd 28. april1960) er ein skotsk kriminalforfattar.
Han er særleg kjend for bøkene om politietterforskaren John Rebus frå Edinburgh. Han har også skrive under pseudonymet Jack Harvey.[1]
Rankin er ein av dei bestseljande krimforfattarane i Storbritannia, og blir av mange kritikarar rekna for å vera landets fremste forfattar av politiromanar. I heimlandet har han vunne mange litterære prisar, og hadde knapt passert middelaldrande då han blei tildelt den høgaste utmerkinga til Crime Writers' Association, The Cartier Diamond Dagger, for «livslang utmerking i forfattarskapen sin og viktige bidrag til den engelskspråklege kriminallitteraturen» i 2005. Han var då allereie blitt løna med Order of the British Empire i 2002.
Liv og virke
Bakgrunn
Rankin er frå Cardenden i Fife. Far hans, James, hadde ein daglegvarebutikk, medan mora arbeidde ved ei skulekantine.[2] Han var elev ved Beath High School i Cowdenbeath. Foreldra blei forskrekka då han valde å studera litteratur ved universitetet, ettersom dei hadde forventa noko yrkesretta.[2]
Rankin studerte ved University of Edinburgh, der han seinare underviste i litteratur. Han gjekk ut i 1982. Han byrja på ei doktorgrad om Muriel Spark, men fullførte henne ikkje.[1] Han arbeidde vidare i offentleg administrasjon, som journalist og som researcher før han blei forfattar på heiltid. Han budde i Tottenham i London i fire år og så på den franske landsbyga i seks medan han utvikla karrieren sin som forfattar.[3] Ifølge eigne opplysingar skal han dessutan ha hatt jobbar som drueplukkar, svinegjetar, skatteinnkrevar, alkoholforskar, hi-fi-journalist og punkmusikar i gruppa Dancing Pigs.[4][5]
Forfattarskap
Rankin byrja ikkje som krimforfattar, men skreiv bøker han meinte var «vanleg». Knots and Crosses og Hide and Seek følgde i den skotske tradisjonen til Robert Louis Stevenson og tilmed Muriel Spark. Han undra seg over at dei blei klassifiserte som krim, men blei forsikra av forfattaren Allan Massie, som støtta Rankin som writer-in-residence ved University of Edinburgh, som sa: "Do you think John Buchan ever worried about whether he was writing literature or not?"[6]
Helten i dei to bøkene er Inspector Rebus. Romanane om han føregår hovudsakleg i Edinburgh, som er blitt kalla hovudfiguren i bøkene.[7]
Rankin er rekna som ein av grunnleggjarane av den skotske krimsjangeren kjend som tartan noir.[8] Tretten av romanane og ei novelle blei filmatiserte som tv-serien Rebus på ITV, med John Hannah som Rebus i serie 1 og 2 (4 episodar) og Ken Stott i rolla i seriane 3–5 (10 episodar).
I 2005 stod Rankin for 10 % av alle sala av krimlitteratur i Storbritannia.[9]
↑ 2,02,1Sturgis, India (26. desember 2015). «If I Could See Me Now... What Your Younger Self Would Make of you Today – Ian Rankin». The Daily Telegraph (Weekend supplement).
↑Rankin, I. (1998) Tooth & Nail. London: Orion. p. vii.