«I Can Hear Music» er ein popsong skriven av Jeff Barry, Ellie Greenwich og Phil Spector og opphavleg spelt inn av the Ronettes i 1966. Han vart seinare spelt inn av the Beach Boys i 1969, og så av Larry Lurex, som var eit psevdonym for Freddie Mercury (1973) og José Hoebee i 1983.
Beach Boys-utgåva
«I Can Hear Music» vart spelt inn av det amerikanske popbandet The Beach Boys. Songen kom ut i 1969 på albumet deira 20/20 med Carl Wilson på solovokal.
Etter at Brian Wilson gradvis mista interessa for å produsere musikken til the Beach Boys, tok den yngre broren Carl over rolla som produsent og leiar av Beach Boys. «I Can Hear Music» vert av mange rekna som den første smaken på Carl Wilson som «leiar» av gruppa.
Singelen nådde 24. plass i USA og nådde 10. plass i Storbritannia. I 1996 spelte The Beach Boys inn songen igjen med Kathy Troccoli på solovokal for countryalbumet deira Stars and Stripes Vol. 1.
Kjelder