«I Am the Future» er ein song frå 1982 av rockemusikaren Alice Cooper. Songen vart gjeven ut på albumet Zipper Catches Skin i 1982 og som singel. Singelen gjekk ikkje inn på listene nokon stad.
Songen var skriven av Gary Osborne og Lalo Schifrin og nytta som temasong i den kanadiske filmen Class of 1984 frå 1982. Songen har ein new wave-stil, som var populær på denne tida, sjølv om Cooper er meir kjend for hardrock og heavy metal.
Kjelder
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlingar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|