Hyskeir ligg 10 km sørvest for øya Canna og 14 kilometer vest for Rùm.[2]Garbh Sgeir er eit skjer som ligg ved øya og landgangsstaden for Hyskeir ligg i kanalen mellom dei to. Ingen av øyane er busette.
Etymologi
Hyskeir kjem frå det norrønesker som tyder «skjer». Òigh-sgeir er gælisk for «jomfruskjeret».
Fyret
Hyskeir fyr vart bygt i 1904. Det 39 meter høge fyret markerer sørenden av the Minch . Det vart teikna av David og Charles Stevenson. Fyrlykta står 41 meter over havet.
Det kvite tårnet var bemanna fram til mars 1997 og var eit av dei siste fyra i Skottland som vart automatisert.