Holly Sue Cullen[1] (fødd 23. desember 1979)[2][3], meir kjent som Holly Madison, er ein amerikansk fotomodell, skodespelar og fjernsynspersonlegdom. Ho er best kjend for å ha delteke i reality-serien The Girls Next Door.
Biografi
Madison vart fødd i Astoria i Oregon,[2] og er den eldste av tre sysken. Ho har ein yngre bror, Joseph, og ei yngre syster, Stephanie.[1] Faren reiste rundt på grunn av tømmerarbeid, og frå ho var to til elleve, budde ho difor i Alaska. Familien hennar flytte deretter heim til Oregon. Madison gjekk på Portland State University i to år og studerte begge teater og psykologi.[4]
Karriere
I 1999 flytte Madison til Los Angeles.[2] Ho vart seinare ein fotomodell og jobba på Hooters. Ho vart lagt merke til og tok til å motta invitasjonar til Playboy Mansion. Etter å ha vitja herskapshuset i meir enn eit år vart Madison invitert til å bu der. Ho vart ein av dei sju offisielle kjærastane til Hugh Hefner i august 2001.
Madison vart i 2005 vist på framsida av, og inne i nummeret av tidsskriftet Playboy, for å fremje serien The Girls Next Door. Ho vart framsidejente på nytt i september 2006, mars 2008 og februar 2009-utgåvene av Playboy.
Madison er ein dyreelskar og byrja å skrive artiklar om dyr i 2006 for tidsskrifta til ein ven. I april 2007 var Madison avbilda naken i ein anti-pels annonse frå PETA med sitatet «I'd Rather Go Naked Than Wear Fur».[5]
Madison er òg stjerne i sin eigen reality-serie med namnet Holly's World.[6] Serien hadde opphavleg tittelen Planet Holly, og dreier seg om livet hennar på Planet Hollywood i Las Vegas. Serien byrja med ein forhåndsvisning episode 6. desember 2009 og hadde to sesongar.[7]
Kjelder
Bakgrunnsstoff