Hohe Weißzint er eit 3 371 meter over havet høgt fjell i Zillertalalpane, på grensa mellom den italienske provinsen Bolzano og det austerrikske forbundslandet Tirol. Toppen er på hovudfjellkjeda i Zillertalalpane.
Fjellet er omkransa av isbrear på alle kantar. Namnet Weißzint er ei avleiing og tyder den kvittlysande breen, som i tidlegare tider dekte fjellet heilt til topps.
Den 8. august 1871 vart greven og oberstløytnanten Erich Künigl fyrstemann til topps. Med på turen var ein namnlaus bonde frå landsbyen Lappach.
Kjelder