Hobølelva har utspringet sitt i Sværsvann i Oslo, og munnar ut i Vansjø i Østfold. Elva tar òg ein tur innom Bjørnerødvannet. Hobølelva er den største av fire tilførselselvar til Vansjø, og har ei midlare vassføring ved utløpet i Vansjø på 5,4 m³/sek.