Fylkesveg 5912 går langs Hjørundfjordstranda, mellom Festøya og Store-Standal. Vegen er 15,7 km lang. Hjørundfjordstranda har såleis vegsamband i Festøya med . Vegen vart opna for trafikk 28. mai 1966.[1] Vegen er svært rasutsett, men har etter kvart fått fonnvern på dei fleste farlege punkta.
Før vart gjerne heile ytre del av Hjørundfjorden kalla for Strendene, og då vart også gardane på austsida rekna med: Strandabøen, Molaupen, og bygda Trandal med gardane Nes, Trandal og Rynningen.
Det har også vore vanleg å kalle strekninga frå og med Årsnes til og med Brattheim for Stranda.
Grunnkrinsar og folketal
Hjørundfjordstranda består av to grunnkrinsar. I følgje SSB hadde Store-Standal 30 innbyggjarar, og Ytre-Standal/Brattheim 23 innbyggjarar pr. 1. januar 2009.
Fjell
Langs heile Hjørundfjordstranda går fjella rett opp frå fjorden, og her er ei rekkje flotte toppar. Nokre av desse, rekna frå innlaupet til fjorden og sørover: Festøykollen (911 m), Jønshornet (1419 m), Ytstenestinden (1180 m), Longenestinden (1206 m), Storhornet (1310 m).
Festøykollen sett frå Storfjorden
Jønshornet
Longenestinden sett frå Molladalskaret
Storhornet ved Store-Standal. Sylvkallen har lokalt vore namnet på den vesle toppen under toppbreen
Fotnotar
↑Johannes Festøy:Ferjetrafikken over Festøy. Minne frå Vartdalsstrand Årsskrift 2008