Hieroglyfar er eit skriftspråk som blei bruka i Egypt. Hieroglyfane består av både fonogram og ideogram som blir bruka om kvarandre.
Historie og utvikling
Hieroglyfane oppstod for omkring 5000 år sidan. Dei blei berre brukt av farao og hans høgaste prestar i Egypt på den tida. Dei fyrste hieroglyfane var kantete og eigna seg til å bli meisla inn i stein. Etter kvart som papyrus blei oppfunne blei hieroglyfane enklare og meir allmenngjorte. Dette resulterte i dei to skrifttypane hieratisk og demotisk. Dei ulike skrifttypane blei bruka til ulike formål og avløyste ikkje kvarandre.