Hermund Høgheim (fødd 27. januar 1932) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Bergen som i åra 1954-57 vart norsk meister i stavhopp og 1957 i tikamp. Perioden 1954–1960 vann han i tillegg til saman seks NM-sølv i stavhopp og tikamp, samt NM-bronsar på 100 meter. Høgheim var medlem i IL Norrøna.
Medaljar i noregsmeisterskap
Han vart noregsmeister i tikamp i 1957, åra 1956, 1958, 1959 vart han andremann.
Personlege rekordar
- 100 meter: 10,7 (1957)
- Stavhopp: 4,12 m (1961)
- Tikamp: 6 379 poeng (1958)
Kjelder