Herman Peter Vogt Krefting (14. mai 1784–8. desember 1863) var ein norsk jurist og stortingsmann. Han var fødd i København som son av eigaren av storgarden Falkensten i Horten.
Folketeljinga 1801 viser at Krefting då gjekk latinskulen på Kongsberg. Deretter studerte han jus og vart cand. jur. i 1807. Han arbeidde så som sakførar, før han var konstituert sorenskrivar i elleve år, dels i Aker og dels i Moss. I tillegg var han overrettsprokurator i Christiania frå 1814. Same året vart han også justissekretær i Trondhjems stiftsoverrett.
Krefting representerte Moss på det overordentlege Storting i 1814. Han var då visesekretær i Odelstinget.
På 1820-talet vart Krefting permittert frå embeta sine, grunna sinnssjukdom. I 1828 fekk han avskjed med pensjon. Dei siste 25 åra av livet budde han hos ei dotter i Fredrikstad, der han døydde 79 år gammal.
Kjelder