Herero er eit bantuspråk (i nigerkongo-familien) som blir snakka av omkring 237 000 hereroar i Namibia og Botswana. Området herero blir snakka i blir kalla Hereroland; dette består av regionane Kunene, Omaheke og Otjozundjupa i Namibia og Ghanzi i Botswana. Det er òg ein del hererotalande i den namibiske hovudstaden Windhoek.
Språket har vore skriftspråk (skrive med det latinske alfabetet) sidan slutten av 1800-talet, då misjonæren Gottlieb Viehe (1839–1901) omsette Bibelen til herero. Presten Peter Heinrich Brincker (1836–1904) omsette òg fleire teologiske skrifter og songar til herero.
Det vert undervist i herero i namibiske skular, både som morsmål og andrespråk, og det skal òg inkluderast som fag ved Universitetet i Namibia. Herero er òg eitt av seks minoritetsspråk som vert brukt i den statlege namibiske radiokanalen Namibian Broadcasting Corporation.
Sjå òg
Kjelder