Henry Augustus Rowland (27. november 1848–16. april 1901) var ein amerikansk fysikar.
Frå 1876 var han professor ved Johns Hopkins University i Baltimore. Rowland viste eksperimentelt i 1878 at ein elektrisk ladd lekam i rørsle gjev ein magnetisk verknad. Dette vert kalla Rowland-effekt og var eit resultat som var viktig for den teoretiske fysikken. Rowland var den første som laga optiske gitter med fleire hundre strekar per mm, ein prestasjon som med den dåverande teknikken var ganske eineståande.
Kjelder
«Henry_Augustus_Rowland» i Store norske leksikon, snl.no.