Storhertug Henri av Luxembourg (fødd 16. april1955 på Betzdorf slott i Luxembourg) er regent i Luxembourg sidan 7. oktober 2000. Han er eldste sonen til storhertug Jean av Luxembourg og storhertuginne Joséphine-Charlotte (fødd prinsesse Joséphine-Charlotte av Belgia). Besteforeldra til Henri på morssida var kong Leopold III av Belgia og dronning Astrid. Han overtok som storhertug då faren abdiserte.
Storhertug Henri vart i 1996 tildelt storkrossen av St. Olavs orden.