I 1668 vart han tilsett som hoffkapellmusikar og kammertenar hos erkebiskop Karl Liechtenstein-Kastelkorn i Olmütz og Kremsier. Han slutta i desse postane ved å ikkje returnere frå ei reise til Innsbruck. På reisa trefte han den mest kjende fiolinbyggaren gjennom tidene, Jakob Stainer, som seinare skreiv at han hadde vorte kjent med «der vortreffliche Virtuos Herr Biber».
Frå 1670 gjekk Biber i teneste hos erkebiskop Max Gandolph Graf von Kuenburg i Salzburg der han i 1678 vart visekapellmeister og rundt 1684 kapellmeister. Biber vart i denne stillinga resten av livet sitt. I 1715 overtok sonen Carl Heinrich Biber (1681-1749) kapellmeisterposten som faren hadde hatt.
Biber vart rekna som ein genial fiolinvirtuos og for komposisjonane hans gav keisar Leopold I av Det tysk-romerske riket han i 1690 ein adelstittel. Frå då kunne han smykke seg med namnet Biber von Bibern - eit kraftig sprang på den sosiale rangstigen. Månadsinntekta hans var no 60 Gulden, fri kost, losji, vin og brensel.
Musikk
I sine tidlege verk brukte Biber ofte skordatur (omstemming). Hensikten var å oppnå spesielle klangeffektar eller for å gjere vanskelege grep spelbare i nedre posisjoner og med opne strengar.
Biber skreiv talrike konsertar for fleire instrument og med ein varierande besetning. Han skreiv messer, eit rekviem, mange fiolinsonatar og taffelmusikk. Det mest monumentale verket hans er den 53-stemmige Missa Salisburgensis som han skreiv i 1682 i høvet 1100-års feiringa av fyrstebispedømet Salzburg. Dessverre er størstedelen av kyrkjemusikken hans så godt som ukjent. Ein av operaane hans er kjent: Chi la dura la vince.
Få samtidige fiolinistar og komponistar nytta så ofte dobbeltgrep, tre- og firestrengsakkordar som Biber. Han beherska fiolinspel i sjuande posisjon, og det var sjeldan på hans tid.
Musikken til Biber har fått ein renessanse, delvis pga Rosenkrans-sonatane. Dette usedvanlege settet med 16 sonatar vert gjerne òg kalla Mysteriesonatene fordi sonatane refererer til nøkkelhendingar i Jomfru Marias og Jesus Kristus sine liv. Biber nyttar seg av ulik skordatur i sonatane, i den 11. sonaten kryssar han dei to midterste strengene for å symbolisere Jesu oppstand.
Verk
Vokalmusikk
Missa Christi resurgentis 1674 (22-stemmig)
Missa Salisburgensis 1682 (53-stemmig messe i høve feiringa av fyrstebispedømmet Salzburg sitt 1100-årsjubileum)
Requiem à 15 i f-moll 1687 (Komponert til gravferda til fyrstbiskop Maximilian Gandolph)
Vesperae Longiores ac Breviores Unacum Litaniis Lauretanis 1693
Missa Sancti Henrici 1696 (Oppført i høve inntreden til dotter hans i Benediktinarstiftet Nonnberg)
Sonata La Battalia 1673 (ei slagmarksskildring) Tittel:Das liderliche Schwarmen der Musquetirer, Mars, die Schlacht undt Lamento der Verwundeten, mit Arien initirt und Baccho dedicirt, von H. Biber, Ao. 1673.
Sonate Tam Aris Quam Aulis servientes 1676 for 6 til 8 instrument.
8 fiolinsonatar (i ein av desse må fiolinen stemmast midt i stykket) 1681
Serenade Der Nachtwächterruf
«Mensa sonora seu musica instrumentalis» (taffel-sonatar for 2 fiolinar, bratsj og basso continuo)
Trombet- und musikalischer taffeldienst à 4
„12 Sonatae Polycarpi à 9“ (For trompetar, strykarar, paukar og basso continuo)
Sonatar Fidicinium sacroprofanum (2 fiolinar, bratsj, bassgambe og basso continuo)
Mykje bruksmusikk, til dømesDie liederliche Gesellschaft von allerley Humor eller Sonata à 6 der Pauern-Kirchfarth genandt (1673)