Heilage Nikolai kyrkjelyd er ein ortodokskyrkjelyd med adresse i Oslo i Noreg.
Historie
Etter oktoberrevolusjonen grunnla ei gruppe russiske emmigrantar ei ortodoks kyrkjelyd i Oslo. Kyrkjelyden vart formelt organisert i 1929. Kyrkjelyden har med åra fått ein meir pan-ortodoks karakter. Dei har gudstenester med liturgi på kyrkjeslavisk og norsk.
Kyrkjelyden driv òg Johnsegardsakademiet, eit ortodokst, kristent informasjons- og aktivitetssenter i Sogn og Fjordane, drive innanfor ramma av Den ortodokse kyrkja i Noreg.