Heddal Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande i Heddal i Telemark. Laget vart stifta 23. november 1917 som I.L Heddal . Det endra namn til Heddal Idrettslag i 1947.[1]
Heddal IL er aktivt med i fotball, ski og skiskyting, i tillegg til padeltennis.[2]
Heddal-laga spelar i knallraude drakter og svarte bukser.
Frå 1962 hadde Heddal IL ei bordtennisgruppe[1] som i 2009 braut ut og danna sitt eige lag.
Åra 1975,[1] 2006 og 2015 arrangerte Heddal IL delar av noregsmeisterskapen på ski.
Kjelder
Bakgrunnsstoff