Ulike soner som inneber ulike rettar for kyststaten.
Havrett er den delen av folkeretten som regulerer den internasjonale rettsordenen på havet. Ein skil mellom ulike soner i havet: Hamn, indre farvatn, sjøterritorium, økonomisk sone, kontinentalsokkel og ope eller fritt hav.[1]
Havretten handlar mellom anna om kven som har rett til å gjera seg nytte av naturressursar som fisk og petroleum i dei ulike havområda utenfor kysten. Avhengig av kva sone utanfor kysten det er snakk om, vil rettane og pliktene som høyrer til kyststaten variera.