Havila Shipping ASA (OSE: HAVI) er eit norsk selskap stifta i 2003 med hovudkontor i Fosnavåg i Møre og Romsdal. Selskapet vart børsnotert på Oslo børs i 2005. Havila Shipping hadde i 2013 ein flåte på 27 skip.
Sidan etableringa har selskapet sakte posisjonert seg bort frå redningsflåten, mot plattform- og ankerhandteringstenester og seinast undervannsmarknaden. Største eigar i Havila Shipping ASA er Havila AS, som er deleigd av styreleiar Per Rolf Sævik.