Have 'Twangy' Guitar Will Travel er debutalbumet til gitaristen Duane Eddy. Albumet kom ut i 1958 på Jamie Records og inneheldt fem singlar som alle gjekk inn på hitlista i USA og ei B-side frå ein av singlane.
Bakgrunn
Etter å ha gjeve ut ei rekkje suksessrike singlar, gav Eddy ut det første albumet sitt, Have 'Twangy' Guitar Will Travel den 9. januar 1958 i ei blanding av tidleg rock & roll, swing, country og blues, og det inneheld fleire coverversjonar i tillegg til originale komposisjonar. Han spelte med bandet sitt, The Rebels, som bestod av Al Casey på rytmegitar, kona hans Corki Casey på rytmegitar, Steve Douglas på saksofon, Buddy Wheeler på bass og både Mike Bermani og Bob Taylor på trommer. I tillegg spelte fleire gjesteartistar som The Sharps (seinare kalla The Rivingtons), som song korvokal.[2] Albumet låg 82 veker inne på Billboard-lista i 1959 og 1960 og nådde femteplassen som det høgaste. Fem singlar kom ut både før og etter albumet, og nådde alle Billboard Hot 100. Eddy gav ut ni album til som nådde albumlista og i alt 26 hitsinglar dei neste fem åra.
Eddy og albumet skapte fleire imitatorar som Rock-A-Teens, The Fabulous Wailers, The Frantics, The Fireballs og til slutt The Ventures.[2]
Innhald
Alle songar er skrivne av Duane Eddy og Lee Hazlewood, utanom der andre er nemnt.
Medverkande
The Rebels
Gjestemusikarar
Teknisk
Salslister
Singlar
År |
Tittel Begge sider frå same album utanom der anna er nemnt |
Salslister
|
Billboard[5] |
Cashbox |
UK[6]
|
1958
|
«Moovin' N' Groovin' » med «Up and Down» (frå $1,000,000 Worth of Twang, Volume II) |
72 |
54 |
-
|
«Rebel Rouser» med «Stalkin'» |
6 |
7 |
19
|
«Ramrod» med «The Walker» (ikkje på album) |
27 |
33 |
-
|
«Cannonball» med «Mason Dixon Lion» (ikkje på album) |
15 |
16 |
22
|
1959
|
«The Lonely One» med «Detour» |
23 |
19 |
-
|
|
Kjelder
|
---|
Studioalbum | |
---|
Singlar | |
---|
Coversongar | |
---|
Filmar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|