Hartvig Kiran (3. november 1911–15. august 1978) var ein norsk forfattar, lyrikar og komponist frå Ålesund. Han voks opp i Sorenskriver Bulls gate 56.
Kiran var oppteken av å få kultur ut til folket. Han var sentral i Visens Venner, og var tilsett i NRK der han lenge presenterte Ønskediktet som alltid vart introdusert med Kiran si omsetjing av Auld Lang Syne. I tillegg til å skriva eigne dikt, omsette han teaterstykke og musikalar som Hamlet og Macbeth.
Under andre verdskrigen var han i eksil i England frå 1941 til 1945, og arbeidde då ved den norske avdelinga til BBC.
Utmerkingar
Bakgrunnsstoff