Området er stort sett folketomt, utanom beduingjetarar med sau og kamel som til frå desember til april gjetar dyra sine her. Sjølv om området er tørt, har det eit rikt dyreliv med fugl, ugler, gnagarar, revar, slangar, øgler og stundom ulv og hyenar.
Det er bevart mange fossil i Harrana i dei store kalksteinsformasjonane, som er datert attende til 66-67 millionar år sidan, ein periode nær slutten av krittida.[3] Ein har mellom anna funne mosasaur-artar med godt bevarte skjel-avtrykk her.[4]
Det best bevarte og komplette funnet av den utdøydde fiskearten Saurocephalus og den mest komplette mosasaurenCarinodens er òg funnen her.[4]
↑ 4,04,1Kaddumi, H.F. (2009). «On the latest scale coverings of mosasaurs (Squamata: Mosasauridae) from the Harrana Fauna in addition to the description of s new species of Mosasaurus». Fossils of the Harrana Fauna and the Adjacent Areas. Amman: Eternal River Museum of Natural History. s. 80–94.