Hardanger og Voss museum vart skipa 17. januar i 2006 som ei konsolidering av fleire museum i Hardanger og Voss-regionen.[1] Fleire av musea i stiftinga er kulturhistoriske museum. I tillegg omfattar stiftinga eit nasjonalt fartøyvernsenter (Hardanger fartøyvernsenter), skulpturmuseum (Ingebrigt Vik museum), eit kunsthus (Kunsthuset Kabuso) og eit freda mellomaldertun (Agatunet).[2] Museet driver innsamling, bevaring, forsking og formidling tufta på kulturuttrykk frå fortid og samtid. Museet yt fagleg hjelp i museums- og kulturminnespørsmål til kommunar og frivillige i regionen.[1]