Hans Wilhelm L'Orange (7. juli 1868–1950) var ein norsk offiser, ein eldre bror til Johan L'Orange.
L'Orange var offiser frå 1889, adjutant hos kong Oscar II frå 1903 til -05. Han var i mange år lærar i taktikk og militær geografi ved den militære høgskulen i den norske hovudstaden. I 1917 vart han forfremja til oberst då han fekk jobb som militærattaché i Paris. Frå 1928 til 1932 var han generalmajor og sjef for 5. divisjon, der etter sjef for 2. divisjon og kommandant på Akershus festning.
Kjelder