Hans Pedersson Braadland (8. april 1837–11. mai 1897) var ein norsk skulemann og stortingsmann frå Vigmostad i Vest-Agder.
Braadland var son til ein gardbrukar. Sjølv vart han seminarist frå Holt seminar i 1857. Allereie i 1855 hadde han teke til som lærar i Sør-Audnedal. I 1860 vart han tilsett som kyrkjesongar i Valle kyrkje i same bygda. Frå 1881 var han gardbrukar på Vigeland i Sør-Audnedal.
Braadland var medlem av heradsstyret i Sør-Audnedal frå 1868 til han døydde, ordførar frå 1872. Han var forlikskommissær frå 1871 og kasserar i sparebanken frå 1872. Ei tid formann i amtsskulestyret. Elles fekk han stifta brannkasse for soknet og oppretta meieri i bygda.
Braadland var 4. representant frå Lister og Mandals amt på Stortinget 1874-76, medlem av protokollkomiteen. Både i den føregåande og den etterfylgjande stortingsperioden var han 1. varamann til Stortinget frå same valkrinsen.
Han døydde på garden sin i Sør-Audnedal i 1897.
Kjelder