Hans Møller (4. juli 1830–28. november 1911) var ein norsk næringsdrivar og stortingsmann frå Gjerpen i Telemark, son til Hans E. Møller.
Hans Møller var handelsstyrar frå ungdomsåra. I 1856 fekk han arbeid som kasserar i sjøforsikringsselskapet i Porsgrunn, styrar av selskapet frå 1867. Frå 1872 var han administrerande direktør i skipsassuranseforeininga «Det norske Lloyd». Han var styreformann i den lokale sparebanken i seks år og styremedlem i mellom anna Skienfjordens kreditbank.
Møller var medlem i Porsgrunn bystyre 1863-90, ordførar i til saman 18 år. Valbolkane 1871-73 og 1877-79 representerte han Porsgrunn på Stortinget, medlem i Gasje- og pensjonskomiteen den fyrste perioden og formann i same i den andre. I 1891 var han medlem i aksjelovkommisjonen.
Kjelder