Hans Johnsen (2. august 1800–5. april 1872) var ein dansk-norsk kjøpmann og stortingsmann. Han var far til Jørgen Johnsen, medan Johan Christian Johnsen var ein brorson.
Johnsen var fødd i Nykøbing i Danmark. Han innvandra til Kristiansand og Noreg i 1820, og vart kjøpmann i byen i 1825. År 1840 var han borgarkaptein, 1852 stadshauptmann. Frå 1857 var han direktør (styreleiar) for gassverket i Kristiansand.
Johnsen var mangeårig medlem av Kristiansand bystyre. I 1845 vart han vald å representere byen på Stortinget. Han var då medlem av protokollkomiteen.
Han døydde i Kristiansand i 1872.
Kjelder