Hangar er ein bygning som kan brukast som garasje for fly, helikopter og andre luftfartøy. Han blir ofte brukt ved ettersyn og reparasjon av desse fartøya.[1]
Splinthangar er ein hangartype som ein nytta under andre verdskrigen. Desse var ofte u-forma, oppførte i betong og grundig kamuflerte. Dei blei brukt til å oppbevara fly i under flyangrep. Ved angrep køyrde ein flya inn hit for å gje vern mot bombesplintar.[2]