Handsbreidd er eit gammalt lengdemål, bruka lauseleg om små vidder.
Måleeininga er bruka i Det gamle testamentet,[1] her tilsvarar ei handsbreidd ikring 8 centimeter.[2]
Hand er ei gammal engelsk måleining for lengd. 1 hand er lik 4 inches eller 10,16 cm. Eininga vert framleis nytta for å gje høgda på hestar, målt frå manken til bakken.