- For andre stader med namnet «Hals» eller «Halsen», sjå Hals (fleirtyding).
Hals (IPA [hɑ:ʂ]) er ein matrikkelgard på Tustna i Aure kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal.
Garden omfattar Halsnesset og vidare nordetter Solåsundet til om lag midt i gardsbruket Slettet under matrikkelgarden Innersetra.
Gardsbruk
B.nr. 1: Oppistua
B.nr. 2: Bukta
B.nr. 3: Halsbogen
B.nr. 4: Halsmyra (òg kalla Haugen)
B.nr. 5: Stranda
B.nr. 6: Søstua
B.nr. 7: Bortistua
B.nr. 8: Nesset
B.nr. 9: Dalan (Dalen)
Dalan (dial. ["dɑɽaɲ:], dativ ["dɑɽɔ]) vart bygsla den 27. desember 1847, og den 8. september 1866 vart plassen frådelt b.nr. 6 (Søstua) som sjølveigande bruk.
B.nr. 10: Slettet
Slettet (dial. ['ʃlet:ɛ] dativ ["ʃlet:a]; av slætt (‘slåttemark’)), som opphavleg høyrte til b.nr. 6 (Søstua), vart tidleg slege saman med b.nr. 4 (Steinteigen) under g.nr. 24 Indresetra). Innanfor den halvparten av bruket som høyrte til Søstua vart det òg bygd skule i 1890-åra. Denne skulen vart nedlagd i 1972, men skulehuset står framleis der og er bruka som skulemuseum.
B.nr. 11: Haugen (Sollien)
B.nr. 12: Bjørkheim
B.nr. 14: Glemmen
Bruk utan bruksnummer