«Halo» er ein dansepoplåt frå 2022 som vert framført av den austerrikske DJ-en LUM!X og songaren Pia Maria. Songen vart gjeven ut 11. mars 2022 og var det austerrikske bidraget til Eurovision Song Contest 2022 i Torino i Italia.
Om songen
«Halo» er skriven av den norske låtskrivaren Anders Nilsen saman med Rasmus Flyckt og Sophie Alexandra Tweed-Simmons. Gabriele Ponte og LUM!X har også bidrege noko inn på låtskrivarsida, medan Anders Nilsen og LUM!X har produsert songen.[3]
LUM!X framfører songen saman med Pia Maria. DJ-en kalla «Halo» for ein comeback-song etter koronaviruspandemien: «No kan vi endeleg feste igjen, besøkje klubbar og ha det moro».[4] Ifølgje Pia Maria handla songen om styrke: «'Halo' gjev meg ein uendeleg mengde styrke. Det er ein av desse songane som får deg til å føle at du kan gjere kva som helst».[4]
Hausten 2021 søkte den austerrikske kringkastaren ORF etter kandidater til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest 2022.[5] Kringkastaren kunngjorde 8. februar 2022 at dei hadde vald «Halo» med LUM!X og Pia Maria.[6]
«Halo» vart fyrst sloppen for strøyming og nedlasting ved midnatt 11. mars 2022, men eit utdrag av songen vart lekka på tenesta Beatport ei veke tidlegare.[7] Songen hadde radiopremiere 11. mars 2022, og ein musikkvideo regissert av Tessa Kadletz kom ut same dag.[3]
«Halo» deltok i den fyrste semifinalen av Eurovision Song Contes tysdag 10. mai 2022. Der blei han nummer 15 av 17, og sidan songen ikkje var blant dei ti beste, kvalifiserte han seg ikkje til finalen laurdag 14. mai.[8]
Listeplasseringar
Kjelder