HMS «Belfast» er ein lett britisk kryssar som blant anna medverka i andre verdskrigen og koreakrigen. Kryssaren deltok blant anna i senkinga av den tyske slagkryssaren «Scharnhorst». HMS «Belfast» deltok og i bombardemanget før ilandstigninga i Normandie.
På 1970-talet var skipet omgjort til museumsfartøy. Publikum kan gå om bord og blant anna høyre på originalinspelingar av radiotrafikken frå jakta på «Scharnhorst».