H/B «Teisten» er ein hydrofoilbåt bygd Italia og levert i april 1970 for Hardanger Sunnhordlandske Dampskibsselskap (HSD). I tida i HSD gjekk båten i rute mellom Bergen og Leirvik på Stord. Båten gjekk den siste turen langs ruta i 1986 og hendinga vart ein reportasje i Norge Rundt. Når han vart seld av HSD i 1988 var han den siste hydrofoilbåten i HSD.
I januar 1988 vart han først selt til Simon Møkster i Stavanger og omdøypt «Strilprins», før han ein månad seinare vart seld til Øystein E. Førre og omdøypt «Hinnavåg». I desember 1988 vart han selt til Shotley Mercantile Co. Ltd. i Panama, der han fekk namnet «Flecho del Estrecho», men alt året etter vart han seld til Alilauro Aliscafi del Tirreno S.p.A. i Messina i Italia, der han fekk namnet «Freccia di Casamicciola». Båten vart selt vidare til Aliscafi S.N.A.V. S.p.A. i Napoli i 1991, men namnet vart uendra. Båten var framleis i fart i 2011.
Sjå òg
- «Teisten» er brukt som namn på fleire skip i HSD. Andre skip med namn «Teisten».
- Andre HSD-eigde skip
Kjelder
Bakgrunnsstoff