Høgsteretten i USA er den øvste føderaledomstolen i USA. Han har mynde til å tolka og avgjera spørsmål om føderale lovar, mellom desse den amerikanske grunnloven. Domstolen har ni dommarar som blir utnemnd på livstid av den amerikanske presidenten med løyve frå Senatet. Høgsterettsjustitiarius, med tittelen Chief Justice, er leiaren for heile det amerikanske domstolsapparatet.
Bakgrunn
Høgsteretten har grunnlag i artikkel III i den amerikanske grunnloven, som seier at «[t]he judicial Power of the United States, shall be vested in one supreme Court, and in such inferior Courts as the Congress may from time to time ordain and establish.» Domstolen blei skipa i 1789 og verka frå 2. februar 1790. Domstolen hadde ingen eigen bygning og hadde lite prestisje.
Høgsterettsbygningen
Domstolen har sete i Washington, D.C., hovudstaden i USA. Den novrande høgsterettsbygningen blei bygt mellom 1932 og 1935 etter planar av arkitekten Cass Gilbert.[1] Den klassiske korintiske arktitekturstilen blei vald fordi han harmoniserte best med dei nærliggjande kongressbygningane. Teikningane la vekt på stilling til domstolen og den dømande makt som ei likeverdig og uavhengig grein av styresmaktene i USA.