Gustav Tschermak von Seysenegg (19. april 1836–24. mai 1927) var ein austerriksk mineralog.
Frå 1868 til 1906 var han professor i Wien. Han leverte mange viktige vitskaplege arbeid. Han påviste mellom anna at eigenskapane til mineralgrupper kan forklarast ut frå teorien om at dei er isomorfe blandingsrekkjer. Verket hans Lehrbuch der Mineralogie kom i mange opplag.
Kjelder