Gustav Fredrik Lorentzen (13. januar 1915–7. august 1995) var ein norsk ingeniør frå Oslo, ein internasjonal føregangsmann i kuldeteknikk. Gjennom nesten 60 års arbeid som ingeniør og vitskapsmann prega han den internasjonale utviklinga av fagområdet etter 1945 og gav vesentlege bidrag til å utvikle ein meir miljøvennleg kuldeteknikk.[1]
Liv og virke
Lorentzen tok examen artium 1934 på reallinja ved Hegdehaugen skole i Oslo. Han studerte så ved Norges tekniske høgskole (NTH) i Trondheim, der han avslutta i 1939 med ein framifrå eksamen på maskinlinja. Etter eit år i NSB arbeidde han i to år som assistentingeniør ved Varmekraftlaboratoriet på NTH.
Perioden 1942-51 var Lorentzen tilsett i Fiskeridirektoratet i Bergen som avdelingsingeniør og maskinteknisk overingeniør. Han hadde då ei sentral rolle i å planleggje og gjennomføre oppbygginga av ein ny fiskeindustri i Noreg. Samstundes arbeidde han på den banebrytande doktoravhandlinga «Leveringsgrad og virkningsgrad for kjølekompressorer» og vart i 1950 dr.techn. ved NTH.
Hausten 1951 vart Lorentzen utnemnd til professor i kjøleteknikk ved NTH. Her fekk han i oppgåve å utvikle og leie det nyoppretta Institutt for kjøleteknikk. Dette er det største frittståande kuldetekniske forsknings- og utdanningsmiljø i vest-verda.
Kuldeteknikk har vore ein nøkkelteknologi for Noreg, spesielt fiskerinæringa. Lorentzen sette heile si arbeids- og skaparkraft inn på fagområdet. Han prioriterte oppgåver viktige i den tekniske utviklinga i landet. Praktiske siktemål vart vektlagt; prosjekta skulle kunne kome til nytte for dei som ytte pengane.
Lorentzen engasjerte seg frå fyrste stund med å utvikle ei systematisk kontakt- og nettverks-verksemd overfor industrien, og for å informere om resultata av forskinga. Mellom anna var han sentral då Norsk Kjøleteknisk Forening vart skipa i 1961.
Med sin bakgrunn frå Fiskeridirektoratet var Lorentzen mykje oppteken av utviklinga i fiskerinæringa. Han tok initiativet til at Statens Kjølemaskinistskole i Trondheim vart etablert i 1953, og han deltok aktivt i oppbygginga av Norges Fiskerihøgskole og Fiskeriforskning (FTFI) i Tromsø.
I 1988 fann Lorentzen opp ein ny, enklare og meir effektiv måte å regulere CO2-systema på. Dei neste tre åra nyutvikla han ideen, noko som vart eit avgjerande vendepunktet i bruken av CO2 i kjøleteknikken. Like etter gjorde det japanske konsernet Denso seg kjent med Lorentzen si oppfinning, med tanke på å nytte det til luftkjøling av bilar. Lorentzen og Denso byrja samarbeide i 1993, eit samarbeid som gav ein vesentleg framskuv i utviklinga av EcoCute som kom i handelen etter år 2000.
Kjelder
- ↑ Bredesen, Arne M. (29. juni 2022). «Gustav Lorentzen». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål).