1773 vart Sandnes sokn overført til Lindås skipreide, og samstundes vart gjenverande del av Gulen skipreide overført til Ytre Sogn domssokn i Nordre Bergenhus amt. På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet, og etterkvart vart grensene regulerte slik at dei samsvarte betre med sokne- og kommunegrensene. 1858 vart Gulen tinglag omskipa slik att det samsvarte med dåverande Eivindvik sokn og kommune.[2]