Diana er namnet på jaktgudinna i romersk mytologi.[1] Ho er knytt til månen, utmark, ville dyr og jomfruer eller kyskleik.[2]
Diana motsvarar Artemis i gresk mytologi. Ho har ein tvillingbror, Apollon.
Gudinna hadde ei viktig rolle blant latinske folk i førromersk tid. For romarane fekk ho noko mindre tyding.[1] Ho blei likevel tilbeden fleire stader i Romersk Britannia.[2]