Gudbrand Anderssen Sveås (27. juni 1821–13. januar 1899) var ein norsk gardbrukar frå Modum i Buskerud.
Sveås var son av ein gardbrukar i Modum. Han kjøpte garden Nadtvedt i heimbygda, og dreiv denne sidan. I mange år var han medlem av heradsstyret, ei tid som ordførar. Elles var han med i forlikskommisjonen og han var sparebankdirektør.
Sveåas var 4. representant frå Buskeruds amt på Stortinget 1874-76. I 1874 var han medlem av næringskomite nr 1, 1875-76 av vegkomiteen.
Han døydde ugift på garden sin i Modum i 1899.
Kjelder