Grodås er ein tettstad i Volda kommune i Møre og Romsdal, som tidlegare var kommunesenter i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane. Sentrum blir lokalt òg kalla «Sanden», av di det før var sandstrand langs med vatnet ved Grodås.
Tettstaden har 493 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved austre enden av Hornindalsvatnet, 23 kilometers køyring frå Stryn sentrum og 28 kilometer frå Hellesylt.
På Grodås ligg Hornindal kyrkje og Hornindal barne- og ungdomsskule.
Sjå òg
Kjelder
Fotnotar
Bakgrunnsstoff