Gro Marie Svidal (fødd 9. april 1980) er ein norsk folkemusikar frå Jølster i Sogn og Fjordane. Svidal spelar hardingfele. Ho er utdanna frå Ole Bull Akademiet på Voss, og ved Norges Musikkhøgskole. I 2010 leverte ho masteroppgåva Ve'dunderlæ: perspektiv på den munnlege kommentaren i hardingfelekonserten. Svidal er hardingfelespelar, komponist, dansar og produsent. Ho spelar særleg tradisjonsmateriale frå Sunnfjord, Sogn og Voss.
Prisar og stipend
- 2014: 1. plass, spel hardingfele, klasse A (Landskappleiken, Geilo)
- 2013: 1. plass, spel hardingfele, klasse A (Vestlandskappleiken, Førde)
- 2013: 4. plass, spel hardingfele, klasse A (Landskappleiken, Røros)
- 2013: Statens kunstnerstipend for yngre/nyetablerte kunstnere, folkekunst (1. år)
- 2012: Jølster 2012 nominert til Folkelarmprisen i solo-klassen
- 2011: 2. plass i Fanitulltevlinga
- 2009: 2. plass i NM i folkemusikk
- 2009: Hardingfele nominert til Folkelarmprisen i solo-klassen
- 2009: Nominert til NRK Sogn og Fjordane sin Lutt-pris
- 2008: Tiltaksmidlar frå Rådet for folkemusikk og folkedans
- 2003: Ungdommens musikkstipend frå Sparebanken Sogn og Fjordane
- 1998: Gunnar Smaadals musikkpris
- 1997: Gullharpa for beste solist på hardingfele i klassen for junior (Landskappleiken, Ål i Hallingdal)
Diskografi
Bakgrunnsstoff