Graham William Walker (fødd 4. april 1963 i Clondalkin), kjend under scenenamnet Graham Norton, er ein irsk skodespelar, komikar, programleiar og journalist.[1]
Bakgrunn
I 1992 byrja Norton som standup-komikar ved Edinburgh Festival Fringe. Dei fyrste framsyningane hans innan kringkasting var som komikar på BBC Radio 4-showet Loose Ends, som gjekk kvar laurdag morgon tidleg i 1990-åra. Han fekk ry på Channel 5, då han vann ein pris for si framsyning som reserve-vert for eit talkshow som vanlegvis blei presentert av Jack Docherty.[1]
Norton er kjend som vert for talkshowet The Graham Norton Show, og som den britiske kommentatoren for Eurovision Song Contest. I 2003 blei Norton gjenstand for kontrovers då han gjorde ein komisk referanse til den nylege avlidne Bee Gees-musikaren Maurice Gibb på Channel 4.[2] Norton forårsaka ny kontrovers 7. oktober 2006, då han skildra ecstasy som ei «fantastisk oppleving».[3]
I 2023 var Norton ein av programleiarane for finalen av Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool, saman med Hannah Waddingham, Alesha Dixon og Julija Sanina.[4]
Privatliv
Norton er open homofil og lid av vitiligo, ein hudsjukdom der det kan opptre flekkar av pigmentert hud.[5][6]
I 2022 gifta Norton seg med Jonathan McLeod.[7][8][9][10]
Kjelder
Bakgrunnsstoff